Sogn Avis

Marius Løken har ei sterk historie – og ei endå sterkare, mildt sagt oppsiktsvekkjande god formidlingsevne. Han brukar heile seg – og gjev av heile seg – og formidlar eit viktig bodskap som passar for ei lang rekkje ulike målgrupper. Han er engasjert og til stades, brukar enkle verkemidlar, godt og levande språk og humor for å få fram sine poeng, og det at historia og erfaringane hans er så unike, gjer opplevinga for publikum særs spesiell. Det tok ikkje mange minuttane fyrste gong eg høyrde han før eg hadde bestemt meg for å henta inn Marius til å halda eit eige foredrag for Sogn og Fjordane journalistlag. Han får herved dei varmaste anbefalingar.